– Dette er verste året sidan eg tok til i jobben i 2008, seier kyrkjetenar Ola Rindal.

Han gjekk tysdag over gravminna saman med kyrkjeverge Elin Marit Angard, for å sjå på situasjonen.

Leire

Grunnen til at gravminna blir skakke eller veltar er at jordsmonnet her er leire. Kyrkjetenaren meiner verlaget i fjor med den blaute sommaren har gjort det ekstra gele i år.

– Det er nok mykje råme i bakken, og det er fleire som har bikka no enn før.

Kyrkjevergen seier folk henvender seg til kyrkjekontoret og vil at dei skal gjera noko med det.

- Festaren har ansvaret

- Men eigentleg er dette ansvaret til festaren av grava. Etter vedtektene er festar ansvarleg for at gravminnet er sikra og ikkje til fare for dei som ferdast på kyrkjegarden, seier ho.

Likevel kan det vera hjelp å få.

– Det er klart vi kan vera behjelpelege med utstyr og slik når folk vil ordne med gravminna, seier Angard.

Det er særleg øvste delen av kyrkjegarden som er råka av telehiv-problema. Fleire steinar står skakt, og det er ikkje mykje som skal til før dei bikkar heilt.

– Det er ikkje bra om til dømes ein unge skulle koma borti og få over seg noko slikt, seier Rindal.

Dei to oppmodar alle som har feste på gravplass om å ta seg ein tur, og eventuelt leggje ned gravminne som er på bikken.

– Men å få opp att minna vil ikkje late seg gjera før telen går ut av bakken, avsluttar kyrkjetenar Rindal.