Dovre kommune har sidan 2005 løna spreke medarbeidarar med Trim-prisen, trekt mellom dei som har levert meir enn 150 fysak-kryss, der eit kryss tilsvarer ein halvtime eller meir med fysisk aktivitet. Snittet på aktiviteter blir då i tre veka.

Heilt like poengsummar

I år vart det delt andreplass for nestsprekaste, til Dombås barnehage og Driftsavdelinga i kommunen, med heilt like poengsummar. Båe hadde 146.3 i snitt, og Dombås skule fekk eit snitt på 161 fysak-kryss.

Dombås barnehage stakk også av med to av dei individuelle trimprisane, Heidi Dalum (1.) og Tone Stokke (2.), kom framfor Jan Inge Haugen i driftsavdelinga på tredjeplass.

Folkehelsekoordinator Aud Gjørwad delte ut prisane i Dombås barnehage tysdag denne veka.

Nytt på fysak-fronten er og at ei aktivitetsoversikt for Dovre er klar. Den vil ligge ute på Dovre kommune sine nettsider, og syner ei oversikt over aktiviteter ein kan delta på i kommunen.