Det stadfester kommunikasjonssjef i Felleskjøpet Agri, Thomas Skjennald til Vigga fredag.

Neste år

Flyttinga av butikken frå Dovre til Dombås er planlagt til våren neste år. Amfi Eiendom og Felleskjøpet Agri har etter det Vigga forstår skrive under kontrakta denne veka.

Før butikken kan flyttast, er det mykje som skal på plass. Bygget, der Trend var siste leigetakar,  skal etter plana byggast om, slik vi skreiv om tidlegare i månaden. Det er søkt om dispensasjon frå reguleringsplan for å få til eit størst mogleg areal til bygget, frå huseigar Dombås Eiendomsutvikling/Viking Eiendom.

- Leigekontrakta er inngått, med atterhald for godkjenning av planene for utbygging. Vi har som mål å få til etablering seinast våren 2015, seier dagleg leiar i Amfi Eiendom, Morten Ophus.

Amfi Eiendom er engasjert som forvaltar av bygget. Ophus meiner det er bra også for Amfi Dombås, sjølv om det ikkje kjem til å bli del av kjøpesenteret.

-Det er klart det er eit stort publikum til denne butikken, og det er ein seriøs leigetakar som styrkar Dombås, og det vil vi gjerne vera med på, seier han.

Til handsaming om utbygging

I følge Per Arnold Backe, som er leiar i Plan- nærings- og utviklingsutvalet i Dovre, får dei truleg plana ferdig til handsaming neste møte, den 6. mai. Då vil ein også måtte ta stilling til om Bondegardsvegen skal stengast av med bom sør for Fosshaugbygget.

Plan- og utviklingssjef Inge Angård stadfester dette, men seier at søknaden ikkje er ferdig handsama enno. Det skal vera klar sist i neste veke.

God plass

Felleskjøpet vil med utbygginga få eit areal på 1700 kvadratmeter over to høgder, pluss eit inngjerda uteareal på 450 kvadratmeter.

- Kva er grunnen til at de ville flytte butikken til Dombås?

- Det er fleire samanhengar, men vi gjekk ut og bad om fleire tilbod, og det var forhandlingar med to aktørar, seier Skjennald. Han vedgår også at plasseringa på Dombås har mykje å seie, og seier at det ligg i korta at ein vil nå vanlege forbrukarar enklare med ny plassering.

- Det viktigaste var at det er meir egna lokale, seier han.

Prosessen med å finne nye lokal har pågått eit års tid.

Flyttelasset går snart til Dombås for Felleskjøpet. (Illustrasjonsbilde) Foto: Lokalavisa Vigga