Målet med kampanjen er å få fleire kvinner til å sjekke seg for livmorhalskreft.

På helsehuset i Lesja hadde dei stor suksess med aksjonen i fjor. Da kom 42 kvinner innom helsehuset for å sjekke seg i løpet av to timar.

– Vi håpar at minst like mange tek turen i år, seier kommuneoverlege Kristine Stuedal.

4. oktober inviterer dei kvinner mellom 25 og 69 år i Lesja til å sjekke seg for livmorhalskreft.

– Det er anbefalt ifølgje livmorhalsprogrammet med jamlege prøver. Minst kvart femte år. Vi håpar òg å kunne nå dei som ikkje har vore innom før. Eg har sett på statistikken, og sett at det er 526 personar innan målgruppa, berre i Lesja, seier Stuedal.

Sidan det er drop-in er det berre å stikke innom om ein ønskjer ein sjekk.

– Vi tek alt fortløpande, og det er «fort gjort». Vi stiller også med kaffe og biteti, seier kommuneoverlegen.