Av Ane Holten Avdem og Oliver Berget

Sone er tilbod til dei beste og mest ivrige fotballspelarane, og det skal vere med på å gje dei moglegheit til å trene meir utanfor eigen klubb. Denne sesongen har Lesja/Lesjaskog/Dombås fire spelarar som har tatt steget til sonelag.

Kamil Karamon går i 7. klasse på Lesja skule og har spelt fotball i sju år. Favorittlaget hans er Barcelona og den tyske keeperen, ter Stegen, er den spelaren han ser mest opp til. Kamil synest fotball er moro, men det kan og vere vanskeleg.

– Målet mitt er å trene og bli betre. Eg vil gjere mitt beste, seier Kamil.

Til vanleg er Kamil keeper på Lesja/Lesjaskog/Dombås G-12.

– Fyrst var det uttakstreningar med til saman 60 spelarar, 24 av desse gjekk vidare til sone, forklarar Kamil.

– Dei som går vidare, kan delta på treningar, kampar og cupar. Det er lærerikt å spele mot så mange gode spelarar, seier han.

Kamil har ikkje tekt så mykje på om han ynskjer ei fotballkarriere i framtida, men kjem til å halde på med fotball så lenge det er morosamt.

Jonas Kalvøy og Johannes Thoresen Rolstad går i 8. klasse på Lesja skule. Jonas er mest oppteken av å skåre mål, medan Johannes meiner det er viktig å «spele god fotball og at det er viktig å gjere sitt beste».

Johannes seier at Marcus Rashford, som spelar på Manchester United, er favorittspelaren hans. Gutane har spelt fotball sidan 1. og 2. klasse.

– Det er artig å konkurrere med andre, seier Johannes.

– Eg vart kjempeglad då eg gjekk vidare. Det beste med sone er å få nye vener og ha det artig i lag med dei og sjølvsagt spele kamper og cuper, seier Johannes vidare.

Jonas meiner det beste med fotball er å skyte ballen i mål og å sjå på damer, og han meiner at det fint lar seg kombinere.

Bine Hole Norderhus har spelt fotball sidan 1. klasse og har dei siste åra vore fast keeper. Ho spelar til vanleg på Dombås/Lesja J-13.

– Eg synes fotball er artig, seier Bine.

– Det beste med sone er at eg får treffe så mange flinke spelarar frå andre klubbar og å få vere med på treningar, kampar og cuper.

På jentesida var det 45 som vart nominert, av det var det 20 som gjekk vidare.

– Sjølv vart eg sjokkert og glad, seier Bine.

– Eg trudde det nesten ikkje, eg var den einaste jenta frå Lesja. Eg drøymer om å bli fotballproff, kanskje på favorittlaget Manchester City, avsluttar Bine.