- Det er ingenting som peikar i den eine eller andre retninga, og eg tvilar på at vi finn løysinga, seier han.

Det var 13. desember i fjor at Dovrefjellhotell brann.

Utfordrande

Branntomta er fullstendig nedbrent, og i tillegg vart gravemaskiner brukt for å avgrense spreiinga av brannen. Båe delar gjer det verre å finne årsak.

- Det er vanskeleg å finne noko når det er så avbrent, i tillegg til at maskiner har vore brukt i sløkkinga, seier Bolstad.

Politiet ventar no på rapportar frå undersøkingar av brannteknikar og folk frå Eidefoss. Desse er venta i løpet av månaden, men Bolstad trur ikkje det vil koma noko spesifikt i rapportane, som vil bidra til å løyse saka.

- Dersom noko slikt var oppdaga, reknar eg med at vi ville fått veta det før rapporten var ferdig, seier han.

I tillegg har det rutinemessig vore gjennomført avhøyr med 7-8 personar i samband med brannen, mellom anna alle som jobbar der.

Framleis mål om LS2015

Eigar Espen Thoresen veit ikkje så mykje om korleis vegen vidare blir heilt enno, men målet er framleis å opne til Landsskytterstemnet.

- Vi skal ha møte med forsikringsselskapet i midten av januar, for å finne meir ut av gangen vidare. Det skal bli godt å få noko stadfesta, alt vart jo litt utsett også, på grunn av jula midt oppi det heile, seier han.