Ei tjuvbande har vore på ferde i Dombås i helga som var, og fekk mellom anna med seg utstyr for bortimot 200 000 kroner frå Dombås-firmaet Mesterbygg.

- Eg er viss på at det er folk med lokal kjennskap som har tipsa om at det fans slike ting her, seier Audun Groven i Mesterbygg.

Natt til laurdag braut tjuvar seg inn i lageret til byggverksemda, og fekk med seg mykje utstyr, til ein verdi av nærare 200 000 kroner. Lageret var plassert i ein privat garasje heime hjå Groven, utan skilt og på ein stad der folk normalt ikkje kjem farande forbi på måfå.

- Det er berre ting, men det er ting vi har arbeidd for, og det er ikkje greitt at folk kjem og tek det ut or hendene på oss slik. Eg ønskjer dei ikkje noko godt, akkurat, seier Groven.

Ekstraarbeid

Han har fått ekstraarbeid attpå hendinga.

- I dag held eg på med papirarbeid, finn prisar på nytt utstyr og skildrar hendingsrekkjefølga for forsikringsselskapet. Det er mykje arbeid, og tek tid, seier Groven, før han syner oss garasjen der tjuvane forsynte seg.

Ein nabo såg bilen som truleg henta tjuvgodset i femtida på morgonen laurdag. Groven trur at nokon av tjuvane har brote seg inn tidlegare på natta i ro og mak før bilen kom og henta tjuvgodset.

- Det ser ut som dei har bore det gjennom skogen her og lagt det frå seg der før bilen henta det om morgonen, seier Groven.

- Blir det følgjer for jobbane de har, forseinkingar eller anna?

- Nei, det skal gå bra. Heldigvis hadde vi meste av utstyret vårt ute på byggeplassane, seier han.

Nabo på alerten

Nabo Marius Amundgård ringte politiet ved femtida om morgonen laurdag, då han skjønte kva som var i ferd med å skje.

- Eg såg bilen kom, og så fekk eg sjå ein kar som sprang ut, og skjønte etterkvart kva som skjedde, seier han.

Då han gjekk ut vart han oppdaga, og bilen forsvann.

- Dei gassa på då eg freista å springe etter, fortel han.

Registreringsnummeret på bilen såg han ikkje, men han såg det var tre bokstavar og tre siffer. Bilen var ein ljos grøn eller turkis kassebil, kanskje ein eldre caravelle, har han forklart til politiet. Den hadde også sykkelstativ bakpå.

Har nokon sett bilen?

Lensmann i Dovre og Lesja, Anders Torvik, seier dei er svært interessert i opplysningar frå folk som kan ha sett bilen, der Amundgård observerte tre til fire personar.

Det har også kome inn fleire meldingar om tjuveri denne natta.

- Ja, det er også anmeldt at det er stole diesel frå fire-fem bilar, samt at to syklar er stole. I tilfellet med redskapstjuveriet er det nærliggjande å tru at dei visste det var kostbar reiskap der. Det skal noko til å køyre tilfeldig forbi, seier Torvik, som vonar dei har noko å jobbe vidare med i og med at dei har bilskildringa.

Han meiner det er nærliggjande å tru at det er proffe folk som står bak.

- Tjuvane har brote opp vindauget og brote sund ei finerplåte innanfor, så det er ikkje stillferdig arbeid akkurat. Det er nok flinke folk, dei kunne sanneleg brukt evnene sine til noko betre, meiner Audun Groven i Mesterbygg Foto: Lokalavisa Vigga