Den har nok hatt ein hard start på livet, kattungen som Laura Skorpa Melvær tok hand om, då ho besøkte dotter si i Trondheim. Tett ved bymarka hadde katten levd ute, og tynn og forkomen var han. Plana var å ta han med heim til Florø, men då Melvær skulle ta ein rast på Dombås, smatt han ut.

To veker ute åleine

Dette var den 22. september, og etter annonser i Vigga fekk Melvær kontakt med mange engasjerte folk.

Den glade katteeigaren ringer avisa for å takke alle dei som har brydde seg, via meldingar og telefonar.

- Eg må få takke alle saman, særleg kanskje Anna Hestdal, der han søkte ly under altanen og fekk han litt mat, seier ho takksam.

No er han i fin form, har vore hjå veterinær for vaksine og ormekur.

-Det var frå under altanen til Anna at vi etterkvart fekk tak i han, seier ho, om bergingsaksjonen førre laurdag. Då hadde pusen greid seg aleine på Dombås i to veker. Tilslutt fekk dei lokka han inn i transportburet Melvær hadde med, og heimturen gjekk fint.

Kva blir namnet?

Dei to vekene aleine på Dombås, tykkjer ho er godt gjort utan å bli overkjørt. Pus, som enno er namnet hans, er ein uroleg krabat, truleg omkring tre månader gamal. Melvær seier han kjem til å få eit anna namn etterkvart.

-Eg tykkjer det må bli noko som kan seie litt om den spesielle historia hans, seier ho.

Kanskje lesarane våre kan hjelpe til?

Mange på Dombås såg denne, og let seg engasjere i leitinga etter den unge puseherren. Foto: Lokalavisa Vigga
Pus er på plass i Florø, og er i god form etter "villmarksferien" på Dombås. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga