I dag er det den internasjonale vaffeldagen, og på Eldres leikar dei ikkje vaffeldag. Som oftast er det Signe Brandlistuen som er sjef for vaffelsteiken, i dag har ho god hjelp av Kristine Bjorli. Resten av gjengen samlar seg rundt for å vente til vaflane er klare, kaffegjestane kjem og dei kan setje seg inntil bordet.

Storetar

Vaflar har dei eit livslangt forhold til.

- Eg har vore budeie på Storsetre i Lordalen i 13 somre, og da steikte eg mykje vaflar på armjern. Vi hadde støtt tilgang til rømme der,og det hendte vi fann litt molte, fortel Rønnaug Ekren.

Vaffeljernet som vart brukt på setra var av den solide typa, og vart ikkje utslite. Det er på setra enda. Av den elektriske typa har ho slite ut tre vaffeljern.

- Eg har nok også nokre vaffeljern på samvittigheita, men det er på ein anna måte, seier Rolf Rønning spørefullt.

Barndomsminne

Noko klar oppskrift er det ikkje råd å få frå drevne kokker. Lagar du vaflar brukar du det du har, om det er smør, sukker, rømme, egg eller ein grautrest. Rømme er ein favoritt som pålegg.

- Brukar du for mykje søtt i vaflene sett det seg fast i jernet, seier Ruth Løftingsbakken.

- Ho mor brukte å steike vaflar til frokost, kvar søndag, fortel Kristine Bjorli.

Da kom ein stor haug med vaflar på bordet, vaflar som var steikt på jern snudd i ovnen. Dei fekk eta alt med det var, og velge av fleire typer pålegg. Det fekk dei også på vaffeldagen. Kva tirsdag er det åpent for den som vil å vere med på formiddagskaffe på Eldres.

- Vi tek gjerne i mot fleire, seier aktivitør Aase Marit Jøndal Bakken.

Det er samtykke om at vaflar, det er godt! Foto: Lokalavisa Vigga
Kristine Bjorli og Signe Brandlistuen er i full gang med vaffelsteiking på den internasjonale vaffeldagen. Foto: Lokalavisa Vigga