Etter en utvida søkjarrunde, er 805.700 kroner fordelt frå Oppland Fylkeskommune. Midla kjem frå Helsedirektoratet, og skal fremje fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv, heiter det i pressemelding frå fylkeskommunen.Totalt var 48 søknader handsama.

Av desse har Lesja Dovre sykleklubb fått med seg heile 21000 kroner, til arrangementa Sykkelquiz for alle, og Tussheim Upp.

Leiar for klubben, Anne Evensen Thorsgård, er glad for støtta.

- Vi er kjempeglade for det. Ein må vera litt frampå, og det freistar vi å vera når det fins midlar å søke om. Det gagnar alle dei som er med på tiltaka, vi kan utvikle betre arrangement, og nå fleire, seier ho.

Målet med tilskuddsordninga er å fremje fysisk aktivitet hjå fysisk inaktive. Utjamning av sosiale forskjeller i aktivitetsvaner og helse skal være sentralt.

- Vi satsar spesielt mot ungar, seier Thorsgård, og meiner dei nå kan utvikle både den nye Sykkelquizen, og Tussheim Upp.