Skepsisen var stor i Lesja og Dovre før innføringa av felles legevaktordning i Nord-Gudbransdalen. Etter ein snau månad i drift har skepsisen på ingen måte lagt seg.

Kommunelege i Lesja, Anton Hole, tykkjer det er litt tidleg å oppsummere om legevaktsamarbeidet enno, men har ikkje endra meining.

Innkøyring

- Eg trur framleis at folk i Lesja og Dovre har vore betre tent med den ordninga som var.Det har ikkje skjedd noko som har overbevist meg om noko anna, seier han.

Han seier det har vore nokre uheldige episoder med avvisning av pasientar, men vil ikkje kommentere enkelthendingar, anna enn at pasientar som ikkje skulle vore avvist ikkje har vorte sett i kontakt med lege. Han seier det er episoder som kunne skjedd før og, men legg til at det ber preg av innkøyringsfase.

- Det ber noko preg av innkøyringsfase, men praktisk har det fungert greit. Vi har dekt opp med vakt mellom stengetid på legekontoret klokka 15.00 og 16.00, når legevakta kjem i drift, seier han.

- Altfor tidleg

Kommunelegen i Dovre, Gurgen Nazaretian, tek hardare i.

- Mi personlege meining er at den felles legevaktordninga vart sett i gang alt for tidleg. For det fyrste burde felles journalsystem vore på plass, i tilleg er det veldig uklart med dei økonomiske spørsmåla, og med fordelinga av vakter. Den er ikkje riktig, seier han.

Han meiner også sjukepleiarane som sit på vakttelefonen burde fått meir opptrening.

- Dei er nok veldig flinke sjukepleiarar, men dette er en anna jobb enn dei er vane med, seier han. I tillegg kjem spørsmåla frå pasientar om ordninga, veldig mange er usikre på korleis dette skal fungere. Det var for tidleg, altfor tidleg, å starte opp ordninga med felles legevakt, meiner eg. Det er eg ikkje berre 100 prosent, men 1000 prosent sikker på, seier Nazaretian.