Hjerleidrussen er som anna russ, heilt sikkert. Noko må ut etter 13 år på skulen, og det får vi nok sjå også frå denne gjengen i mai. Men før den tid set dei alle klutar inn for å samle inn pengar til Krafttak moteft i regi av Kreftforeningen. Russen går frå hus til hus, i grend etter grend, og sidan dei valde å samle inn pengar til Kreftforeningen for tre år sidan, har russekulla samla over 70 000 kroner.

Når ein legg til alt det dei flittige bygdekvinnelaga i Lesja, Dovre og Lesjaskog har samla inn, blir det mykje pengar. Faktisk vart det i fjor så mykje at kvar innbyggjar i snitt gav nesten tre gonger så mykje som snittet i resten av innlandet i dei to kommunene. Kanskje er det fordi ein ikkje så lett går forbi damene som sit med bøssa på samvirkelaget, det er jo folk ein kjenner og har tillit til ”ikkje fær med tull”.

Og når ein skuleungdom bankar på døra er det kanskje ein nabo eller dotter til kollegaen, eller ein nevø og barnevakt.

Færre folk og tette band i bygdene kan gjerne vera ein hemsko i mange tilfelle, men i slike samanhengar ser det ut til at gode føremoner vinn fram. At ein kjenner eller kjenner til den som kjem med bøssa, gjer kanskje at ein gjev litt meir.

I tilfellet med Krafttak for Kreft seier Marte Leland i Kreftforeningen at det er bygdene som halar mest i bøsseaksjonen. Når det er langt mellom kvar husstand vil det seie at alle dei frivillige difor legg ned meire tid for kvar stad dei vitjar her enn dei gjer i byane. Når resultata likevel er større per hovud vitnar det både om iherdig innsats hjå dei frivillige og at dei blir godt og vel tekne imot der dei kjem.