På Dovre sto lærarar og elevar frå skulen, folk frå kommuneadministrasjonen, forutan ordførar Bengt Fasteraune, som fyller femti år tysdag. Flaggberarar svinga flagg, og broderkjede knytt, medan  helikopteret svinga seg to gonger rundt forsamlinga og vart vinka avstad, vidare til barnehagen. Brannvesenet var ute med tankbil for å spyle vegar,  men vart sett til å lage fontene til ære for sendinga. Frå Dombås gjekk ferda søraustover til Lom. Ferda endar i Stavanger i kveld, og turen i sin heilskap er sendt på nettsidene til TV2, på omtrent same tid i morgon, og med eit resyme i fjernsynsprogrammet om kvelden.

Sjå video av stuntet her:

Helikopteret fraTV2 sirkla to gonger rundt forsamlinga ved skulen tysdag, og filma flaggsvinging og broderkjede, med femtiårsjubilanten Fasteraune i midten. Foto: Lokalavisa Vigga