Har du berre sneven av lyst til å bli med på ei innspeling, vil ho at du melder deg på. Alle ungdomsskuleelevar skal ha fått ein lapp med invitasjon til audition, og ho ber om at dei tek kontakt.

Leitar etter typer

Episoder til sesong tre av serien Trio, innspela i Skjåk, skal snart i gang.

Hove er innleigd frå firmaet Stella Casting, som såkalla location manager, og har også ansvaret for å leggje til rette for rekrutteringa av lokale skodespelarar og statistar.

Ho er litt uroa for dørstokkmila til folk, og seier at det er viktig å melde seg på dersom ein har bittelitt lyst.

- Kanskje er du akkurat den typa vi ser etter, seier ho.

Hove fortel at fleire lokale ungdommar og vaksne frå Nord-Gudbrandsdal har hatt større og mindre roller i

denne serien så langt. No trengs enda fleire til sesong tre, spesielt jenter i alderen 14-17 år og gutar i alderen

13-19 år.

Treng ikkje erfaring

- Vi treng også litt eldre jenter i alderen 35-50 år og litt eldre gutar frå 35-45 år, seier ho.

Ho understrekar at ein ikkje treng erfaring frå skodespeling.

- Er du rett type, kan du gå rett inn og berre vera naturleg, seier ho.

Nokre av rollene krev spesielle eigenskapar, mellom anna må dei ha nokon med motorsykkelsertifikat, og dei treng nokon til ei klatrescene i eit ekstremsportanlegg. Dessutan er dialekt frå området bra!

- Det gjev lokal identitet og eigarskap til serien, meiner Hove.

Planlegginga av sesong tre av TRIO er godt i gang. I fjor vinter gjekk TRIO-Odins gull på NRK

Super, og sesong to, som heiter TRIO-Cybergullet, har premiere den 10. januar 2015.

Fyrste sesong av denne spenningsserien for barn og unge har allereie sikra seg prisar, og fekk

«Gullruten» i kategorien beste barne- og ungdomsprogram. No er den nominert til den gjeve «Kidscreen awards».