Hendinga skjedde under ein krangel laurdag morgon, der ein av dei involverte drog fram eit luftgevær og skaut kameraten i magen. Det var ni kameratar på tur, som hadde leigd seg hytte på Bjorli.

Situasjonen hadde roa seg, og vedkommande som var skoten hadde lagt seg til å sova, før dei tok bussen attende til Ålesund laurdag. Om natta hadde vedkommande vakna med store smerter i magen, og hadde oppsøkt sjukehus. Det synte seg at han hadde ei kule i magen, og han har vorte operert.

- Skada er ikkje livstrugande, kan operasjonssentralen på Lillehammer opplysa.

Dei fekk melding om saka fyrst klokka 19.00 laurdag,fordi kompisgjengen hadde meldt fra til politiet på Sunnmøre.

Det blir oppretta sak, og politiet kjenner til korleis hendinga skjedde, og kven som var med.