Den skal ordnast allereie i dag, for innanfor vegbrotet er ein hytteturist isolert. Lillehammer-lesjingen Per Enebo har det likevel ikkje travelt med å koma fram i bygda att.

Greier seg godt

- Eg har det eg treng av mat, ved og hus, seier han, på telefon frå ein rande oppi solhellinga måndag føremiddag.

Det einaste pensjonisten manglar, er telefondekning nede ved hytta. Der brukar han å ha ein telefon med antenne, for å nå godt nok signal, men denne fungerer ikkje no. Difor kan han vera vanskeleg å få tak i, forklarer han.

- Så sant det ikkje går for langt utpå året før vegen blir ordna, går det greit, dette, spøkjer han.

Fiksar brotet i dag

- Vi skal oppi der med gravemaskin i dag, så eg reknar med at den er fiksa i dag, ja, seier Wenche Holløkken, leiar i Lordalsvegen AL.

Ho veit ikkje kva kostaden for veglaget kan bli enno. Lorvegen AL er eigd av gardbrukarar med setrer innover Lordalen, medan statsalmenning eig grunnen vegen ligg på.

Bileta til Frank Wiggo Stavem er tekne sundagskvelden, omlag eit døgn etter at åa flaumde over.

Har demt opp

Bjørn Magnus Tordhol var innover for å gjødsle seterkvea si laurdag, og er litt harm for at han ikkje tok ein snøggtur oppover lia for å sjå korleis det sto til oppi Gjellatbotn, der åa kjem frå.

- Det hadde vore noko å sett på og fått filma når elendigheita kom, seier han.

Han meiner elva nok har demt seg opp inne på fjellet. Vassføringa har vore lita dei siste dagane, før store masser vatn og issørpe, jord og grus, kom veltande.

Det er ikkje ukjent at den vesle elva kjem plutseleg og har med seg mykje masse. Skapnaden på terrenget inni fjellet er flatt hallande frå alle sider, slik at snøen bir liggande og blir metta med vatn. Dette dannar då ein propp, og regnet natt til laurdag var kanskje utløysande denne gongen, meiner Tordhol.

- Det er ikkje meir enn eit par år sidan vi sist måtte renske mykje grus ut frå under brua og i løpet ellers, fortel han.

Tordhol var innover sundag, og tok seg over elva for å sjå korleis det sto til. Store mengder issørpe ligg att over vegen også lengre innover.