Bilen det er snakk om, ein Dodge Ram, erstatta ein liten lastebil med kran i Dombås Maskinforretning, som er eigd og drive av Åge Haugen.

Alle som brukte den gamle bilen måtte ha kranførarbevis og utvida førarkort, noko som vart vanskeleg i praksis, og den var og litt stor til sitt bruk.

Likevel var det naudsynt med lasteplan, slik at ein kunne frakte kumringar, dieseltynner, kabeltromlar og liknande, ut til anleggsplassane der Haugen arbeider som entreprenør. Dette eignar Dodgen seg ypparleg til, i følge Haugen.

800 kroner kvar dag

Firmaet Dombås Maskinstasjon har dei siste åra hatt mykje arbeid på Bjorli, og frå maskinstasjonen på Dombås blir det tolv mil kvar dag, fram og attende.

- Eg har rekna på det. Med skatten eg har vorte pålagt, har kvar arbeidstur til Bjorli kosta meg 800 kroner, seier Haugen.

Han meiner regelhandhevarane her har vore for firkanta, og nemnde saka ved førre kommunestyremøte, då Dovre hadde oppe høyringsuttale om regjeringa sitt framlegg om å sentralisera skatteoppkrevjarfunksjonen i kommunane.

- Skal det bli slik som det har gått med Skatteetaten, blir det uråd å forhalda seg til, meiner han.

Haugen meiner at han kan attendevise privat bruk, med unntak av eit fåtal turar. Dette har han lagt fram prov på, gjennom ein detaljert arbeidsrapport.

- Arbeidsrapporten brukar eg på alt eg er på av arbeid, med unntak av byggemøte og befaringar og slikt. Når eg ved årsslutt såg på differansa mellom telleverket og bilen, var det tilsvarande desse møta og befaringane, seier han.

Då Haugen la fram arbeidsrapporten, var Skatteetaten likevel ikkje nøgd. Dei ville også sjå på kontoutskriftene til Haugen.

Mellom anna hadde sakshandsamaren hjå Skatteetaten peikt på eit tilfelle der han ved hjelp av kontoutskriftene hadde funne ut at han frå eit arbeid entreprenøren hadde ved Aurstad, hadde reist til legen på Lesja.

Ville gått med på skjønn

- Det hadde ikkje vore noko problem for meg å betale ein skjønnsmessig fordel utifrå ei rimeleg utrekning, men det er så pirkete at eg veit ikkje om eg skal skratte eller skrike, seier han.

Han meiner arbeidsmengda som er lagt ned i saka frå Skatteetaten si side er uforhaldsmessig stor. I følge Haugen har dei til no brukt tre år. No saksøkjer Åge Haugen Skatt Øst.

Saka er meldt inn til Tingretten, men er ikkje beramma enno. Prosessfullmektig for saksøkte Skatt Øst er kommuneadvokaten i Oslo.

Haugen tek saka til retten, seier han, fordi han kan.

- Eg har råd til det, dessutan meiner eg at ei slik ekstrautgift for eit lite firma kan vera tua som velter lasset. Det fins mange småbedrifter som kan gå overende på det, seier Åge Haugen.

Ikkje heilt klar sak

Advokaten til Haugen, Erik Alver, er relativt ny i saka, og fekk ho på bordet heilt i slutten av januar. Haugen måtte nemleg bytte advokat, fordi advokatkontoret han tidlegare brukte, fekk ei kontrakt med nettopp skatteetaten.

Alver seier han ikkje har konkludert, men framleis har saka til vurdering, og er i ferd med å lage prosesskrift.

- Eg veit ikkje enno om eg vil råde Haugen om å halde fram eller trekke saka, det har eg enno til vurdering, men det eg kan seie sikkert, er at saka ikkje er enkel, seier han.

Bakgrunnen for at saka kom opp, var ein rapport frå Skatteoppkrevjaren etter eit trekkettersyn på lønsområdet i oktober i 2012. I rapporten vart det gått ut i frå at bilen var brukt privat, noko Haugen avviser. Saka gjeld inntektsåra 2007-2010, i følge Alver.

- Det er ei stor mengd dokumentasjon som ligg til grunn i saka, og vi er avhengige av å ha gode nok prov. Før eg tek ei avgjerd må eg vera sikker på at det held i retten, seier Alver.

Konkret vurdering frå sak til sak

Vi ringte pressetenesta til Skatteetaten for å få litt om bakgrunnen for regelen om fordelsbeskatning, litt om skjønn i saker der det er usemje om yrkesbil er brukt privat, og tidsbruken frå Skatteetaten på kvar enkelt sak. Her er svara.

Kvifor er det fordelsbeskatning ved bruk av firmabil?

Firmabil er arbeidsgjevarens bil og det er arbeidsgjevaren som eig bilen. Lovgjevar har bestemt at fordel ved privat bruk av arbeidsgjevars bil er skattepliktig fordel som følgjer av arbeid. Det vil seie at den økonomiske fordelen blir rekna som løn frå arbeidsgjevar. Skatteplikta følgjer av lovføresegnene.

I kva grad kan Skatteetaten bruke skjønn i slike saker?

Skjønnstema i slike saker vil nok som oftast handle om korvidt bilen er brukt privat eller ikkje. Dette blir vurdert konkret frå sak til sak.

Kommentar til sakshandsamingstid og ressursbruk her?

I kompliserte saker, der ein gjerne har mange korrespondanserunder med skattyter før alle fakta er på plass, er det ikkje uvanleg at det kan ta noko tid. Dette er også av omsyn til skattyter sjølv, sidan Skatteetaten alltid ønskjer å bygge avgjerdene på korrekt grunnlag.

Pressekontakt Thomas Ege understrekar i svarmailen, at Skatteetaten har ikkje høve til å uttale seg om einskildsaker, og at svara her er gjeve på generelt grunnlag.

FAKTA:

Om ein privat eller til arbeidsreise brukar bil som er eigd eller leasa av arbeidsgjevar, skal denne fordelen reknast som inntekt, og ein skal skatte av fordelen.

Den er fastsett til 30 prosent av bilens listepris som ny. Det er andre utrekningar for bilar som er eldre enn tre år, og for bilar der yrkeskøyringa er meir enn 40 000 kilometer i året.

Arbeidsreise er reise frå heim til jobb. Yrkesreise er reise i jobbsamanheng. Reise frå heim til jobb kan også vera rekna som yrkesreise, dersom ein frå heimen reiser rett til eksempelvis eit anlegg og ikkje til fast arbeidsplass (normalt staden der arbeidsplassen er registrert). Kjelde: Skatteetaten.no

Red.mrk: Saka er her utvida med kommentarane frå Skatteetaten, og avvik difor frå saka i Vigga torsdag.