Da Guri Ruste og Henry Baukhol skulle frakte varer til hytta for påske, valgte de skuteren til tross for dårlig skuterføre.

– Det har skjedd før, og når det ender bra, velger vi å ta det med humor. Derfor valgte vi å legge ut historien på Facebook, sier Ruste.

Statusen har fått en del oppmerksomhet etter at Ruste publiserte den. Selv om det ble tatt bilder, var disse naturlig nok preget av hendelsen og noe uklare, i følge fotografen. Les hennes egen skildring av hendelsen her:

«Sist fredag hadde vi sjeldan dramatisering i Grimsdalen bygd på Krogh sitt manuskript Isen på Mjøsa. Vi hugsar jo den historia vi som er i vår beste alder når Hauk Aabel las den på radioen.... Men altså fredag var det tid for å fylle opp med ferske varer, mjølk, frukt og grønt m.m.. vi hadde også vansker med eit UV filter og trong ei ny glasrøyr til det.

Nå har vi køyreløyve vinterstid kun på snødekt mark og det er det dårleg med fra Verkensetrene og innover. Men likevel prøvast det med snøskuter så lenge som råd da det er billigiare og raskere enn bandvogn type BV 202. Turen ut gjekk fint, varene vart henta, lasta først i bil for så over på slede ved Bjørkheim. Opp Bakselabakken og innover gjekk så det susa, ( i den grad ein skuter kan suse med fullt lass . )

Sjølv i Verkjesbakken gjekk det fint sjølv om det hella lite her og der. I Verkjesdalen vart jervespora kryssa medan sola varma på isen. Etter å passert Verkjessetrene gjekk det så småstein gnistra frå beltet til det bar over på isen. Å køyre på isen kan væra spannande om den er tjukk men nå gjekk det ikkje lenge før sørpe kom opp og sleden begynte sige ned bak. Det vart gjeve gass i håp om å få opp farten slik at trygg grunn ( Is) skulle nås . Det gjekk meir og meir trått, sleden seig meir og meir ned og spenninge steig. I Isen på Mjøsa fortel Aabel om kor det knekk i isen og kor hesten kvir seg fordi han er redd. Nå er snøskuteren ikkje intelligent nok til frykte utrygg is og han bråkar slik at føraren høyrer ikkje knekking og braking. Heller er det ikkje så mykje å gjera når ein ikkje får sledan på trygg is. Så det enda med at alt gjekk til botns, så sørpe og isbiter fauk. Nå er heldigvis ikkje Grimse så djup som mjøsa men det er nok vatn til å bli blaut av. Så var det berre å lesse av varer, lyfte sleden av og sidan opp av vatnet. Å få opp skuteren var ei bragd i seg sjølv men som god Dovring hadde bestyreren vore ute ei vinternatt før og da går det ein vårdag i April og. Etter at alt var på trygg grunn var det berre å lesse på att enda ein gong før ferda gjekk vidare fram til Grimsdalshytta. Noko svinn og skader på utstyr vart det, men så lenge det går bra med folk så ser vi på hendinga som ei god historie.

Nå er det ferdig badehøl i Grimsen, badetempraturen er brukbar til å få fart på blodsystemet. Det var nå ikkje heilt unyttigt heller, gulrøt og poteter ankom hytta like nyvaska som utstyr og sjåfør. Og til sommaren kan Dovre Fjellstyre annonsere med fint aurefiske i Grimse, for med litt flaks kan du fiske aure med agurksalat. ( Ligg at div i Grimse,).

Og om nokon skulle lure: både eggkartong og glasrøyr kom uskadde fram. Ps.: det blir ikkje satsa på ekstraforestilling! Og pga tekniske problem blir bilde dokumentasjon lagt ut etter påske. Nyt påska kjære vener!»

Les mer om hvordan påska har vært i Lesja og Dovre i ukens Vigga.