- No er det opp til politikarane kor fort det går, seier han.

Kontraktsforhandlingar med dei ulike tilbydarane skal gjennomførast etter tilbodsopning 28. mars, og mykje kan i følge Tøndevoldshagen vera klart før sommarferien, dersom politikarane handsamar saka fort.                                                                                                                                         - Byggetida vil vera avhengig av kontraktane som blir lagt til grunn, meiner Tøndevoldshagen, men seier at ei byggetid på omkring eit halvår kan vera realistisk. Hovudbrannstasjonen til dei to kommunane er no i leigde og lite eigna lokaler, og kommunestyra i Lesja og Dovre vedtok ny brannstasjon i august i fjor.

Anbudet omfattar anten totalentreprise på bygging av 600 m², med oppdragsgjevarstyrt opsjon på om lag 200 m², eller leige av nytt eller eksisterande bygg med tilsvarande spesifikasjonar.