Norsk Salmebok 2013 vart godkjent for bruk i den norske kyrkja frå 1. sundag i advent i fjor. I følgje kyrkjeverje Elin Marit Angard er det eit vidare musikalsk uttrykk i den nye salmeboka, mellom anna er songar av Alf Prøysen og Bjørn Eidsvåg med. Men det er ikkje automatikk i at nye salmebøker blir godkjent i sokna.

- Nei, det er faktisk kyrkjelydar i landet der ikkje eingong Landstads reviderte er godkjent, fortel kyrkjeverja.

Det vil seie at dei der brukar Landstads kirkesalmebog frå 1869. Landstads reviderte kom i 1920, og var offisiell salmebok fram til 1985. Salmeboka frå 1985 fekk ein tilleggsrevisjon i 1997. Så no er det opp til kyrkjelyden.

Kyrkjelydsmøtet er eit allmøte, der alle medlemmer av den norsk kyrkja, busett i sognet, har møte- og røysterett.  Vanlegvis er det saker til orientering på desse møta, men i kveld blir det medlemmene som får siste ordet. Det er det Kirkeloven som avgjer. Der står det:

§ 11.Menighetsmøtets oppgaver.

Menighetsmøtet avgjør saker om innføring av ny, godkjent salmebok  (..)

-  Det blir rett og slett val, om vi skal ta i bruk den nye salmeboka, fortel kyrkjeverje Elin Marit Angard. Det er Dovre kyrkjelege råd som har innstilt til saka, for at den nye salmeboka blir teke i bruk. Men det er også eit økonomisk spørsmål. Bøkene kostar 300 kroner stykket, med namnepreging 50 kroner til. Kor mange bøker treng ein til kvar kyrkje? Framlegget frå rådet er å kjøpe inn er 100 bøker, med preginga "Kyrkjene i Dovre" på. 25 av dei skal vera med stor skrift.

Kyrkjelydsmøtet i Dovre sokn blir om ei veke, den 20. mars, der same sak skal handsamast.