Sigrid Sørumgård Botheim frå Lesja er seniorrådgjevar i Språkrådet. Dei siste åra har ho vore med i arbeidet med årets ord. Ho seier at det er stor interesse for nyord både i media og blant folk, så dette er gjevande arbeid.

– Noko av grunnen til at Språkrådet kårar årets ord, er at vi vil syne fram korleis språket utviklar seg og korleis nye ord blir tatt i bruk. Vi får oversikt over språkutviklinga ved å bruke eit dataverktøy som har i oppgåve å hauste inn nye ord frå tekstar i media. Så om vi tenker oss at det oppstår nokre lokale nyord i Lesja og Dovre, vil kanskje Vigga begynne å bruke disse orda i artiklane sine. Da vil dataverktøyet kunne fange opp orda og registrere bruken og omfanget. Om orda sprer seg, vil dei kanskje havne i ordboka til slutt. Så det er rett og slett språkbrukerne som rår over språket, og som bestemmer om eit ord blir brukt eller ikkje.

Sigrid Sørumgård Botheim frå Lesja er med å kåre årets ord. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Teleskopordet krympflasjon

Ordet krympflasjon blir brukt når innhaldet i eller storleiken på ei vare blir mindre medan prisen står stille eller aukar. Det er ein måte å kamuflere prisstiginga på, slik at ho verkar mindre enn ho faktisk er, skriv Språkrådet i ei pressemelding.

– Fenomenet er gamalt, men ordet er nytt. Det er eit såkalla teleskopord som er sett saman av delar av andre ord. Her er grunnlaget krympe og inflasjon. Ordet er altså danna av etablerte norske ord. Det engelske shrinkflation er laga etter same mønsteret, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Politisk ladde ord

Fleire ord med rot i internasjonal politikk har dukka opp på lista over nyord i år. Da Russland gjekk til åtak på Ukraina, begynte mange redaksjonar nærast over natta å bruke skrivemåten Kyiv i staden for Kiev for den ukrainske hovudstaden. Og i samband med mellomvalet til Kongressen i USA vart ordet valfornektar teke i bruk. Fleire av kandidatane til mellomvalet var valfornektarar som skapte tvil om dei ville akseptere valresultatet eller ikkje dersom dei tapte.

– Lista med nyord for 2022 ber preg av at det er urolege tider i verda, med krig, økonomi i nedgang og demokrati under press. Orda speglar alvoret som har prega året, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Nyord speglar samfunnet

Den fyrste gongen årets ord vart kåra var i 2008. Da vann ordet finanskrise, som også er eit ord som speglar tronge økonomiske tider.

– Eitt av kriteria for kåringa er at orda skal vera aktuelle, mykje brukte og levedyktige. Når vi ser attende på årets ord dei siste femten åra, ser vi at mange av orda har stått seg over tid og vorte mykje brukte, seier Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole, som er med og kårar årets ord saman med Språkrådet.

Vi får òg ein peikepinn på kva som har vore viktige tema i samfunnet, av å lesa lista over årets ord attende til 2008. Tidlegare har blant anna svineinfluensa, koronaen, klimabrøl, det grøne skiftet, sakte-tv og falske nyhende blitt kåra til årets ord.

– Det ser ut til at kriser er ein motor for nyord, anten det er økonomiske kriser, klimakrisa eller pandemiar som råkar oss. Vi treng nye ord for nye fenomen, seier Andersen.

God språkleg kvalitet

I tillegg til at årets ord skal vera levedyktig, skal det òg ha god språkleg kvalitet. Det er eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk der ein enkelt kan laga nye, gode ord på ulike måtar. I fjor vart sportsvaske, når myndigheiter i autoritære land brukar sportsarrangement for å setje seg sjølv i eit betre ljos, kåra til årets ord.