Rett før helga vart det i statsråd vedteke å auke satsane for forenkla førelegg i vegtrafikklova. Det skjer berre eitt år etter at satsane sist vart sett opp, og da med ei auke på om lag 30 prosent.

Dei nye satsane gjeld frå torsdag 1. februar.

I fylgje Lovdata startar dei nye bøtesatsane på 1.150 kroner og strekkjer seg opp til 15.850 kroner, avhengig av kva slags lovbrot det er prat om.

Somme av dei forenkla førelegga har auka med mange hundre kroner.

Her er nokre eksempel på nye satsar:

  • Satsen for ulovleg mobilbruk bak rattet er auka med 500 kroner, til 10.200 kroner, mot tidlegare 9.700 kroner.

  • Køyring med motorvogn i strid med trafikkskilt som innkøyring forbode, gågate, svingforbod, påbode køyreretning, vendingsforbod og einvegskøyring, gjev eit førelegg på 8.000 kroner, mot tidlegare 7.800 kroner.

  • Å køyre på raudt ljos kostar nå 10.200 kroner, mot tidlegare 9.700 kroner.

  • Køyring med motorvogn i sperreområde som på eller over kvit eller gul sperreline, på fortau eller gang- og sykkelveg, gjev eit førelegg på 6.200 kroner, mot tidlegare 5.900 kroner.

  • Brot på vikeplikt, som til dømes å ikkje stoppe heilt opp ved stopp-skilt, trafikk frå høgre og gåande i gangfelt, gjev eit førelegg på 10.200 kroner, mot tidlegare 9.700 kroner.

  • Å køyre med passasjerar under 15 år som ikkje brukar bilbelte, gjev eit førelegg på 3.400 kroner, mot tidlegare 3.250 kroner.

  • Køyring med trimma moped eller motorsykkel, kostar deg 8.200 kroner, mot tidlegare 7.800 kroner.

  • Ulovleg forbikøyring, som til dømes rett framfor eller i eit vegkryss, eller der sikten er hindra ved bakketopp, vil gjeva eit førelegg på 10.200 kroner, mot tidlegare 9.700 kroner.

  • Å køyre med for kort avstand til køyretyet framfor deg, kostar 10.200 kroner, mot tidlegare 9.700 kroner.

  • Køyring utan å gjeva påbode teikn, altså bruke blinklys, gjev eit førelegg på 3.900 kroner, mot tidlegare 3.700 kroner. Denne satsen gjeld også for å køyre med feil på nærljos, fjernljos eller køyreljos, utan å ha tilstrekkeleg utsyn, med for mange personar i bilen, og køyring med ljos som blir brukt på feilaktig måte.

  • Å køyre 36–40 km/t over fartsgrensa når fartsgrensa på motorveg er 90 km/t eller høgare, vil det koste deg 15.850 kroner, mot tidlegare 14.500 kroner.

  • Når fartsgrensa på staden er 60 km/t eller lågare, og du køyrer 10 km/t over fartsgrensa, er førelegget på 3.150 kroner, mot tidlegare 3.000 kroner.

  • Er fartsgrensa 70 km/t eller høgare, og du køyrer 20 km/t for fort, får du eit førelegg på 7.050 kroner, mot tidlegare 6.700 kroner.

Samtlege bøtesatsar finn du her

I tillegg til forenkla førelegg, vil ein del av brota i vegtrafikklova også gjeva prikkar i førarkortet.

(Kjelde: Lovdata.no)