Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame søndag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.

– Forbodet mot å sende reklame 1. juledag gjeld berre for radio og tv. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bi utsett for kommersielle buskapar gjennom media desse høgtidsdagane, sier Medietilsynet i ei pressemelding.

På tv og i radio er ikkje tillate å sende reklameinnslag på følgjande dagar: Langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag, og 1. juledag

– Kringkastarane overheld som regel reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridiske og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbu mot å sende reklame.