Praksisen blir endra, etter at Vigga fann ut at dokumenta vart halde utanfor postjournalen til Sel kommune.

- Så lenge legevakta er underlagt ein kommune, skal dei innrette seg etter reglane om journalføring, seier Jo Haugen, hjå Fylkesmannen.

Skal i postjournal

Sel kommune er vertskommune for LMS og legevaktordninga, og difor skal all post førast i postjournalen til kommunen etter offenleglova og forskriftene til arkivlova.

Etter at Vigga klaga over den manglande postjournalføringa frå legevakta, har fylkesmannen fått brev frå LMS der dei ber om råd.

- Dei har eigentleg teke klagen til følge, på den måten at dei kjem til å endre rutinene, seier Haugen.

Han seier slike dokument må inn i postjournalen til Sel kommune, og at det må gå fram av journalen at dokumentet gjeld klage på legevakta.

Internt handsama

Fram til no har klagene vore handtert internt, og vurdert i kvalitetsutvalet for legevakta. Dei har hatt fire møte i løpet av året.

- Pasientene vel sjølve om de vil klage til Fylkeslegen. Får vi klage direkte til legevakta, behandler vi klaga sjølv og vil kun sende klaga vidare til Fylkeslegen om vi vurderer hendinga som potensielt farlige for liv og helse. Slike tilfelle har vi ikkje hatt, skreiv overlege ved legevakta i Nord-Gudbrandsdal, Inge Johansen, tidlegare i ein e-post til Vigga omkring handsaminga av klager.

Får opplæring i føring av postjournal

Det er denne praksisen som no blir endra, ved at overlege Johansen ved NGLMS , kommuneoverlege Jan Nizialek og avdelingsleiar ved sengeposten på Lokalmedisinsksenter (NGLMS) får opplæring i dei aktuelle saksbehandlingssystema til kommunen. Det skjer allereie i morgon.

- Det skal sikre at alle saker som omhandlar offentleg legeteneste ved Otta legekontor/NGLMS, skal bli journalført i Sel kommune sitt postjournalsystem, og saksbehandlast etter prosedyrene til kommunen, seier dagleg leiar Vigdis Rotlid Vestad, ved NGLMS.

Ho legg til at saker som har kome inn fram til opplæring er gjeve, no har gått via ho til journalføring.