Dommen mot Dovre kommune frå tingretten, nulla ut handsaminga kommunen hadde av søknad frå Jens Sæter/Lindis Nyland, i Hundyrju hyttegrend.

Det gjer at Sæter/Nyland kan be om å få søknaden om gråvatnanlegg opp på nytt. I så tilfelle må ein annan kommune gjera sakshandsaminga.

I eit formannskapsmøte per telefon tysdag morgon, vart det fleirtal for å førebu ei anke, for å sleppe slik søknadsrunde før eit fellesanlegg er godkjent.

Positivt motteke

Møtet kom i stand fordi formannskapsmedlemmane i møte førre måndag ønskte å få meir informasjon om standpunktet til hytteigarar og grunneigar så langt. Administrasjonen kunne leggje fram at anlegget har vore drøfta og positivt motteke på ekstraordinært møte i hyttevelforeininga i juli. Det var også lagt fram litt meir detaljerte opplysningar om anlegget, som administrasjon hadde innhenta frå grunneigar. Formannskapet var samde om at det no såg ut som at den felles løysinga var nærare målet.

Det vart ikkje lagt fram nærare opplysningar om kor mykje ei anke ville koste i form av advokatutgifter.

- Det vil bli kostnader ved ei eventuell ny søknadsrunde også, når vi må ha ekstern sakshandsaming, seier ordførar Bengt Fasteraune(Sp)

PNU neste veke

Det vart likevel fleirtal for ei anke. Formannskapet ønskjer med den å legge press på hytteeigarar og tomteeigarar om å slutte opp om ei forpliktande avtale om felles renseanlegg i hyttegrenda, og slik unngå å få fleire søknadsrunder om enkelstståande gråvatnanlegg.

- Det må gå fram av vedtaket at anka vil bli trekt, når forpliktande avtaler om fellesanlegg er på plass, seier Fasteraune.

Børge Wilhelmsen (Ap) hadde framlegg om å droppe anke. Han stilte spørsmål om kva ei forpliktande avtale vil seie.

- Ei forpliktande avtale vil vel ikkje vera på plass før endelege prosjektering og kostnader er kjent, seier han.Det er rekna med at vegen fram til ny handsaming av saka i retten vil ta opp mot eit år. Anka kan bli trekt fram til dagen før rettssaka. Ankefristen er 30. oktober.

PNU har sak om godkjenning av søknad om felles renseanlegg for Hundyrju hyttegrend den 28. oktober, der rådmannen innstiller for godkjenning.