Vigga skreiv i papirutgåva i går at Audun Holsbrekken var innstilt som nummer ein til administrasjonsutvalet,  men det var Kai Ove Riise som sto på topp etter at administrasjonsutvalet hadde handsama saka, i innstillinga til kommunestyret. Vi orsakar!

Og det er altså Kai Ove Riise som er tilsett som ny rådmann av kommunestyret, etter handsaming i lukka møte  natt til fredag. Han tek etter plana til i stillinga frå mars neste år. Riise er i dag tilsett som leiar for NAV i Lesja.