Eit triathlon med løp, sykling og svømming krev sitt, og det var imponerande innsats av elevane ved Dovre ungdomskole (DUS) då dei sist veke arrangerte DUS-athlon.
23 av skulens elevar stilte til start på det som lyt kallas ein krevjande øvelse. Fyst skulle elevane springe rundt Dombåshaugen, ned på Myra og opp til skulen. Neste distanse var Sagrunda, og strekninga skulle syklast. Det heile vart avslutta i bassenget med 100 meter fri.
- Vi har i fleire år hatt ekstrem-Fysak, men i år valgte vi å prøve dette. Det var Solveig Anmarksrud som kom på ideen og vi trur vi skal kalle dette løpet ”Solveigs Æresløp”. Vi håper å gjere dette kvart år framover og få Solveig til å kome attende for å overekke premiane, sa Marit Hareland, lærar ved DUS. Til tross for at skulen kunne ønska seg flere på startstreken, understreka Hareland at alle elevane var i aksjon enten som vakter, ved drikkestasjonar eller som publikum.
- Dei tre beste får premier, og næringslivet fortjener ein takk for støtta. Holum Sport, Elkjøp, Coop Mega, Dnb Nor og Laura van Meter har alle gjeve premiar, bidratt, og vi har fått boller fra Dombås bakeri.