- Vi tykkjer han kunne fått litt, og ikkje minst ei unnskyldning på vegne av kommunen, seier Jan Torgeir Lindsøe, som saman med Jarl Nygaard no har teke initiativet til ei slags oppreising frå sambygdingane til Ødegaard.
Når Dovre formannskap ikkje ville gje korkje rettferdsoppreising eller ei offentleg unnskyldning til Ola Ødegaard, tykkjer dei det må gå an for folk lokalt å syne si støtte på denne måten.
- Då ligg det på ein måte ei unnskyldning i kvart støttebidrag, seier han.
- Det er mange som må dele skulda for Ødegaard sin øydelagte barndom, men Dovre kommune må ta skuld for ikkje å ha følgd godt nok opp, etter at han vart sendt frå bygda, seier Lindsøe.