– Den nye strategien skal «blankpusse juvelane i norsk natur» og vise dei fram enda betre, ikkje minst som trekkplaster for berekraftig reiseliv. Ved å løfte fram nasjonalparkane som meir tydelege attraksjonar, håpar vi at folk skal vere stolte og begeistra av å ha ein nasjonalpark i nærleiken, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Arbeidet med strategien startar for fullt i år, medan strategien skal takast i bruk i 2015. Blant 17 søkarar vart fire pilotar plukka ut i fyrste omgang, nasjonalparkane Jotunheimen, Rondane, Varangerhalvøya og Hallingskarvet.

På sikt skal strategien skal besøkande i nasjonalparkane møte betre informasjon, betre tilrettelegging, og ein infrastruktur som er meir lik enn i dag. Lokale nasjonalparkstyrer, andre viktige aktørar og Miljødirektoratet vil samarbeide tett i arbeidet med besøksforvalting til pilotparkane.

– Gjennom denne satsinga ynskjer vi å bidra til auka verdiskaping knytt til nasjonalparkane, men på ein berekraftig måte som ikkje skadar føremålet med å verne dei storslåtte naturområda, seier miljødirektøren.