Det kjem fram i ei pressemelding frå Sel kommune fredag.

Reitan overtek stillingen etter Vigdis Rotlid Vestad, som har sin siste arbeidsdag som leiar 31. august.

Hilde Reitan kjem frå ei stilling som rådgjevar på Atlantis medisinske høyskole i Oslo, og har tidlegare mellom anna 6 år i Vågå kommune som sektorleiar og assisterande rådmann. Ho var òg konstituert som rådmann i Vågå i nesten eitt år.

- Vi er nøgd med at Hilde har takka ja til stillinga, og ser fram til å samarbeidet for å utvikle NGLMS vidare, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Sel, Steinar Løsnesløkken. Sel kommune er vertskommune for Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter.