Produksjonsselskapet bekreftar at dei er ute etter innspellingsstad. Dei leitar i heile Norge, og Gudbrandsdalen er ein interessant stad for dei.  Førespurnadane har gått direkte til kommuner og reiselivsselskap, ifølge produksjonsselskapet. Plan, næring- og utviklingssjef Inge Angård bekreftar at Dovre kommune har fått ein førespurnad.

Lesja kommune har også fått ein førespurnad.

– Vi har gjeve same svar til dei no, som vi gav for tre år sidan. Lesja har dessverre ingen lokasjon som fyller dei krava Farmen-produksjonen har, fortel næringsutviklar i Lesja, Håvard Gangsås.

Blant krava til produksjonsselskapet står det at garden eller setra skal være aude og avsidesliggande, vere nær eit vatn, og ha tilknytning til veg.

– For tre år sidan vart løysinga nabokommunen Rauma. Då foreslo vi ein stad i Brøstdalen, fortel Gangsås.

Realityprogrammet skal spelast inn i sommar og haust, og har 15 deltakarar som skal leva som før i tida på eit gardsbruk.