– For fyrste gong har eg opplevd at det er att frø i foringsautomatane når eg kjem til Lesja. Vanlegvis er alt tomt sjølv etter berre to veker, men i vinter har det vore lite småfuglbesøk oppi lia i Kyrkjebygda, skriv Jordhøy til Vigga.

Han trur den kalde forsommaren i fjor kan vere ei forklaring.

– Ikkje det at ein treng forklara alt mogleg, men når ein tenkjer attende på den kalde forsommaren i fjor er det ikkje å undrast over at mange småfuglar ikkje fekk fram ungar. Det er no ein gong slik at det er ein klar samanheng mellom temperatur og hekkesuksess (mai-juni) hjå mange artar. Ettersom det er ein heftig omsetning i småfuglbestanden vil ein botnsesong ofte gjera slike utslag. Det er elles sjeldan vi har sett to slike ekstremar etter ein annan som sesongane 2014 og 2015 (varm/kald), Fortel Jordhøy.

I mai i fjor fekk Jordhøy besøk av to vendehalshannar som i kjempa om retten til ei fuglekasse.

– Men etter kvart sensa dei nok at mauren, hovudføda deira, helt seg langt inne i tua, slik at dei hadde lita von om vellukka hekking. Såleis forsvann dei og mange med dei. Frøetarane, så som sisikane, har nok klart seg betre – da dei ikkje er så avhengige av temperatursensitive fødeemne (insekt). Kjøtmeisa sine hekkeforsøk seinare på sommaren var moglegvis meir vellukka. Den har iallefall vore omtrent einerådande på foringsplassen min i Kyrkjebygda i vinter, forutan jamnlege svartmeisbesøk, skriv Jordhøy til Vigga.