Tilsynet kom etter bekymringsmeldingar frå habiliteringstenesta.

Rapporten avdekkjer alvorlege brot på lovgjevnaden, med to avvik. Det to avvika byggjer på til saman 28 observasjonar av systemfeil.

Sjå heile rapporten her

Tvang og makt

Til dømes står utviklingshemma med behov for tilrettelagt bustad, utan eit slikt tilbod.

Tenester i avlastningsbustad er i stor grad kun gjennomført av vikarar. Det fins ikkje planer for bruk av makt og tvang, og personalet manglar opplæring og forum for diskusjon om temaet. Kommunen har heller ikkje sørga for kartlegging av kompetansa eller risiko på området.

Revisjonsleiar Randi Marthe Graedler, frå Fylkesmannen i Oppland, seier at tilsynet vart gjort no på bakgrunn av bekymringsmelding frå spesialisthelsetenesta, og Fylkesmannens kjennskap til kommunen si verksemd på dette området.

- Vi har kjennskap til kommunen og det har også vore klagesaker inne hjå Fylkesmannen innanfor området, seier Graedler.

Tilsynsleiaren trekkjer fram den manglande tilrettelegginga av bustader, for personar med slikt behov.

- Det er svært alvorleg, for det syner at det er nokon med behov, som ikkje har tilrettelagt bustad, seier ho.

Omlag 90 prosent har avvik

Det blir gjennomført tilsyn med alle kommuner i fylket i løpet av ein syklus på nokre år, fortel Graedler. Førre tilsyn i Dovre på same verksemdsområde var i 2006.

I følge Norsk forbund for utviklingshemma, er det avvik frå lover og forskrifter i omlag 90 prosent av alle tilsyn på landsbasis.

- Stemmer det med tala frå Oppland?

- Ja, det talet er nok også representativt for Oppland, seier Graedler.

- Er det teikn til betring?

- Det er eit godt spørsmål, tematikken var også den same ved tilsynsrunde i 2005, og vi meiner at vi opplevde ei klar betring etter den runden, med auka medvit. Men det er klart at dette er eit fagområde som krev at ein held fokus, og har systematisert opplæring og god kompetanse, seier ho.

Generelt sett seier Graedler at det er personalgrupper med relativt låg formalkompetanse i desse tenestene, og at det set tilsvarande høge krav til leiinga og planverk. Ho seier det lett kan bli ein kultur i personalgrupper der ein legg seg til det ho kallar kvardagstvang.

Ansvar ligg på leiinga

- Det er leiinga sitt ansvar å lage rammene, samt å skape ein arena for diskusjon, etter ein målsetnad om minst mogleg bruk av tvang, seier ho.

Leiaren i Norsk forbund for utviklingshemma, Jens Petter Gitlesen, meiner tilsynet med Dovre kommune fortel om ein kommune som manglar orden og oversyn over eige forvaltningsfelt.

- Konsekvensane av det kommunale rotet, er vanskeleg å lesa ut av tilsynsrapporten. Men når tenesteytarane er uskolerte og ikkje er kjent med regelverket om bruk av tvang og makt, er det ikkje uvanleg at dei overstyrer vaksne med utviklings- hemming, på ein slik måte at sjølvbestemminga får tronge kår, seier Gitlesen.

- Skal lukke avvika før jul

Både kommunalsjef Rune Pettersen og rådmann Halvor Nissen legg seg flate for rapporten, men understrekar at Dovre kommune er på god veg til å lukke avvika som kjem fram i rapporten.

Dei møter Vigga for å gjere greie for kva tiltak kommunen no set i verk for å rette avvika i rapporten.

Starta i fjor

- Arbeidet tok til allereie på hausten i fjor, då ei arbeidsgruppe vart sett ned for å utarbeide intern- kontroll for miljøarbeidertenesta, seier Rune Pettersen.

Leiinga har vore på det reine med at kommunen på dette området ikkje har levert på topp.

- Vi har ikkje visst kva som har vore verst, men vi har vore klar over at det ikkje har vore ei optimal teneste. At det har vore mykje sjukefråværsproblematikk har ikkje gjort situasjonen betre, men vi meiner no at vi har teke tak, og er på veg inn i eit godt spor, som både Fylkesmannen og habiliteringstenesta har stor tru på, seier rådmann og kommunalsjef.

Ny organisering

Tilsynsapporten syner til internkontrolldokumentet ein tok til å jobba med i fjor haust. Det er datert 2. april i år, men innhaldet var på tilsynstidspunktet ikkje teke i bruk, går det fram av rapporten.

Internkontrollen skal no vera på plass, i følge kommunalsjefen.

Tenesta har også gått gjennom ei omorganisering, og miljøarbeidar- tenesta er sidan midten av mai underlagt verksemda for pleie- og omsorg.

- Tenesta har auka i omfang dei seinaste åra, utan at det har vore følgd godt nok opp - og også dei tronge økonomiske rammene kan vera ein av grunnane til at dette har vore venta med for lenge. Her var det verre enn vi trudde, men no tek vi tak, seier rådmann Halvor Nissen.

Dei er glad for at rapporten er såpass grundig, med punkt for punkt.

Kursing og bustad

Allereie i veke 39 er det kursing av tilsette i miljøarbeidertenesta, inkludert dei som er med i ein nyoppretta vikarpool for tenesta, omkring bruk av tvang og makt. System for drøfting av problem- stillingar fortløpande er også på plass.

Det siste avvikspunktet som står att, er i følge Rune Pettersen ei opprusting og tilrettelegging av ein kommunal bustad, slik at denne kan bli teke i bruk av ein tenestemottakar som manglar tilbodet i dag.

- Kva med brukarmedverknad i prosessen?

- Vi skal gjennomføre ei brukarundersøking tidleg i 2015. I tillegg er det planlagt ein gjennomgang med alle tenestemottakarar om tenester dei kan ha krav på, seier Pettersen.

Det er åtte år sidan førre tilsyn var gjennomført i Dovre på dette området. I 2006 var avvika dei same. Desse vart lukka etter at kommunen den gongen sette i gang tilstrekkelege tiltak.

- Korleis vil det sjå ut neste gong de får tilsyn?

- No tek vi sikte på å lage eit system som er avviksfritt, samstundes som vi jo veit at ting kan skje. Men målet er jo å gje alle innbyggjarane eit godt nok tilbod, seier rådmann Nissen.

FAKTA:

Avvik = mangel på oppfylling av krav gjeve i eller i medhald av lov eller forkrift.

Merknad = tilhøve som ikkje er i strid med slike krav, men der tilsynsmyndigheita finn grunn til å peike på moglegheit for forbetring.

Tilsynet er ein såkalla systemrevisjon, der ein undersøkjer kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevnaden innanfor tema tilsynet omfattar, korleis tiltaka er følgd opp i praksis og om naudsynt korrigert, og om tiltaka er tilstrekkjelege for å sikre at lovgjevnaden er halde.

Tilsynet skulle sjå på korleis kommunen sørgjer for at menneske med utviklingshemming får forsvarleg hjelp i kvardagen, og at hjelpa blir endra ved endra behov.

Fylkesmannen såg også på kva kommunen gjer for å førebyggje og hindre bruk av tvang og makt mot personar med utviklingshemming.

Tenestene er heimla etter Helse- og omsorgslova og Forskrift om internkontroll.

Habiliteringstenesta = avdeling under spesialisthelsetenesta som koordinerer tiltak.

Dovre har frist for attendemelding med plan for lukking av avvik til 1. oktober. Frist for ferdigstilling blir sett etter kvart.

Kjelder: Fylkesmannen i Oppand, Sykehuset Innlandet.

Sjå heile rapporten her

Rådmann Halvor Nissen og kommunalsjef Rune Pettersen tek rapporten svært alvorleg, og vedgår at dei visste tilhøva ikkje var bra. Foto: Lokalavisa Vigga