– Den såkalla immaterielle kulturarven vår er avhengig av å vere i bruk for å kunne bli til glede for nye generasjonar. Folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Gudbrandsdalen er ein levande kulturarv som er samlande, på tvers av generasjonar og sosiale miljø. Frå Lillehammer til nørdst i dalen finst det både spelemenn og dansarar som bruker, dokumenterer, lærer seg og deler vidare. Slik held dei historia levande og inspirerer også andre til å ta vare på denne delen av kulturarven vår, seier Øystein Rudi, direktør i Gudbrandsdalsmusea.

I samband med Frivilligåret har Gudbransdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen oppretta prisen som månadens friviljug.

Nok ein gong treng dei hjelp til å kåre ein friviljug, denne gongen innanfor tradisjonsmusikk og -dans.

Veit du om nokon som har interesse for tradisjonsmusikk og dans og gjennom dette inspirerer andre til å halde kulturarven levande?

Den ein sender forslag om må høyre til i Gudbrandsdalen og Lillehammer.

Juryen som handsamar dei innkomne forslaga er:

  • Erik Lillebråten, direktør, Norsk kulturarv

  • Torveig Dahl, styreleiar, Gudbrandsdal Historielag Dølaringen

  • Jorun Vang, Gudbrandsdalsmusea

Gjennom Frivilligåret 2022 kårar Gudbrandsdalsmusea kvar månad ein vinnar i desse kategoriane: Friluftsliv, Husflid og Handverk, Landbruk irekna hage og husdyrhald, Idrett, Musikk og Dans, Utmarksnæring med seterkultur og kulturlandskap, Fangst og fiske, Industri, Bygningsvern, Mat og Drikke.

Dei frivillige blir presentert på heimeside og i sosiale media. Den som blir månadens friviljug får også ein meir handfast takk for innsatsen.

Du kan lese meir om prisen og tidlegare vinnarar på heimesida til Gudbrandsdalsmusea.