Prisen delast ut i samband med Frivilligåret 2022 og er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, Norsk Kulturarv og Gudbrandsdal historielag Dølaringen.

Idrett

Den organiserte idretten slik vi kjenner han i dag, kom i gang på midten av 1800-talet, men idrettstradisjonane har røter langt bakover i tid.

I Reinheimen har arkeologane funne ei tusen år gamal ski, og sagaen fortel at vikingkongane dreiv med idrett som synte både mannsmot og styrke.

– Den såkalla immaterielle kulturarven vår er avhengig av å vere i bruk for å kunne bli til glede for nye generasjonar, seier Gudbrandsdalsmusea i ei pressemelding.

– Idrett er meir enn kappestrid. Idrett er fellesskap og folkehelse, verdiskaping og lim i eit lokalsamfunn. Frå Lillehammer til nørdst i dalen er det folk som legg ned ein stor innsats for denne delen av kulturarven vår. Å drive med idrett i seg sjølv er kultur og kulturarbeid, seier dei vidare.

For å bere arven vidare trengst det både utøvarar og støtteapparat.

No leiter dei etter tradisjonsberarar som i praksis eller på andre måtar evner å inspirere andre med kunnskap og interesse om denne delen av kulturarven vår.

Frist for å sende inn forslag til Gudbrandsdalsmusea i denne omgang er 4. august.