Ola Ødegård er sjølv svært skuffa over vedtaket i Dovre. Han fekk nyhenda på telefon frå ordføraren sjølv rett i etterkant av vedtaket, og sette pris på det.

- Eg set pris på at ordføraren sjølv ringer og legg fram vedtaket, sjølv om eg er skuffa over resultatet, seier Ødegaard.

Mot ei stemme

Vedtaket vart gjort mot Børge Wilhelmsen (uavh.) si stemme, han hadde eige framlegg om å tilkjenne Ødegaard 100 000 i rettferdsvederlag. Wilhelmsen uttrykte også at han var i tvil om sitt standpunkt, og at han gjennom media hadde fått eit heilt anna inntrykk av saka, enn det som sat att når han hadde gått gjennom saksframsyninga.

Formannskapet var samstemde om at saksframstillinga var grundig, og dei uttrykte også stor respekt for arbeidet Ødegaard har gjort for andre, og måten han sjølv har kome seg vidare i livet, på trass av ein vanskeleg start.

Grunnlaget for å likevel seie nei til søknaden frå Ødegaard, er at han tidlegare har fått handsama søknadsgrunnlaga i ulike instansar, og har fått utbetalt rettferdsvederlag frå staten tidlegare.

I saksgrunnlget går det fram at Ødegård ved tre ulike høve også har uttrykt skriftleg at saka med Dovre skulle vera sett punktum for, seinast i 2003.

-Gjorde ikkje sitt beste

Ødegaard vedgår at han har fått økonomisk vederlag frå staten tidlegare, men var ute etter ei unnskyldning og vederlag frå Dovre kommune, som han held totalt ansvarleg for ein øydelagt barndom. Han meiner ikkje det er rett at vergerådet (tilsvarande dagens barnevern) gjorde sitt beste den gongen.

- Det var gjort som akuttvedtak i 1951, og var ei tragedie. Dei skilde mellom anna meg og tvillingbror min, som saman med ein anna bror kom til ein god fosterheim på Lesja, seier han.

At han skal ha sett strek for sakene skriftleg tidlegare, er han ikkje samd i.

- Eg er eit kjenslemenneske, og kjenslene var annleis då, i lys av møtet i Dovre litt tidlegare, seier han.

Ødegaard var invitert til møtet i 2003 for å fortelje om sine opplevingar og møte med offentege instansar.

Han meiner det er feil å legge dette til grunn for avgjerda, og han  saknar  enno ei skikkeleg unnskyldning frå kommunen, og også eit symbolsk kronebeløp.

Les saksframlegget til formannskapet her.