Førre laurdag var det årsfest og 20-årsjubileum for Tine Meieriet på Frya.  3 staute karar vart heidra spesielt denne dagen.

Ein stolt meierisjef Erik Isum kunne sjå Sel-ordførar Dag Erik Pryhn dele ut Kongens fortenestemedalje i sølv til Svein Gryttingslien, Pål Rudi og Jan Dalberg saman med ordføraren frå Sør-Fron kommune.  Desse 3 karane har tilsaman lagt med over 120 års arbeid i bedrifta. For meierisjefen var det viktig at dei fekk denne heideren medan dei framleis var tilsette ved verksemda.