Sjåføren var ikkje utkvilt, og selskapet hadde heller ikkje rutiner for å klarlegge om førarenvar tilstrekkjeleg utkvilt for å gjennomfør nattkjøring. I tillegg peikar rapporten på at selskapet ikkje kan dokumentere at dei har kartlagt farer og vurdert risiko knytt til nattkøyring og aleinearbeid før ulykka.

Ulykka skjedde natt til fredag 22. februar i fjor. Klokka 0405 kjørte ein buss frå Lavprisekspressen på veg frå Oslo til Trondheim utfor vegen ved Holaberget på E6, omlag ein kilometer sør for Dombås. Førar sovna bak rattet og klarte ikkje å hindre utforkjøringa då bussen kom utanfor vegbana. Det var 20 passasjerar ombord og kun fem av desse brukte bilbelte. Éin passasjer vart hardt skadd, medan ni passasjerar fekk lettare skader.

Statens havarikommisjon for transport tilrår at Unibuss Ekspress AS  utarbeider betre rutiner for handtering av  ituasjoner der passasjerane må bli evakuert.

I etterkant av ulykka heiter det i rapporten at  busselskapet har gått igjennom risikofaktorar ved nattkøyring, og endra opplæringsrutiner. Mellom anna har dei  innført kurs i evakuering av røykfylt buss og korleis ein skal te seg på skadestad.

Selskapet har sidan 30. mars i år avvikla nattruta mellom Oslo og Trondheim.

Les om bussvelten her: – Var veldig ekkelt

Havarikommisjonen sin rapport frå bussulykka ved Holaberget i februar i fjor, er no klar. Foto: Lokalavisa Vigga