Dei ber om at ein går imot regjeringa sitt tilbod i jordbruksoppgjeret, når det skal handsamast i Stortinget.

Hjørnesteinsnæring

- Landbruket er ei hjørnesteinsnæring i Nord-Gudbrandsdal, skriv dei, og legg til at det er naudsynt for distriktet, at landbrukspolitikken held fram  som reiskap, for å ta i vare distrikspolitiske omsyn.

Vridninga som er signalisert frå mindre til større bruk vil vera eit trugsmål for jordbruket i regionen, meiner dei.

Dei peikar på motivasjon og rekruttering som kritiske faktorar, dersom ein skapar utryggleik med oppgjeret som no ligg føre.

- Ei nedbygging av landbruket vil gje attgrodd kulturlandskap, noko som trugar ei anna hjørnesteinsnæring, reiselivet, skriv regionrådet i brevet, signert alle seks ordførarane i Nord-Gudbrandsdal. Dei har også sendt brev til dei andre regionråda i Oppland, der dei oppfordrar dei til å gjera det same.

FAKTA: Brotet i forhandlingane den 14. mai, betyr at Regjeringa vil gå til Stortinget med ein proposisjon basert på statens tilbud. Denne blir oversendt til Stortinget i morgon, fredag. Stortingets næringskomité held open høyring om jordbruksoppgjeret 27. mai.