Framsyninga vart prøvd for cruiseturistane på Bjorli stasjon i sommar (les Vigga i dag). Det vart så vellukka, at showet frå Valldal vart invitert på nytt. Fyrstkommande sundag blir dei å sjå på Bjorli stasjon igjen. Då er det cruisegjester frå skipet Queen Mary, som får med seg trolldans på turen med Raumabana.

- Det er med bakgrunn i den gode responsen vi gjer dette. Desse dansarane er opptekne med show i Valldal aktivitetspark kvar dag i sommar. Framsyningane på Raumabana er i år eit forsøk. Men dette vil vi garantert fortsetja med til neste cruisesesong, seier Fossum.