På invitasjonen til bygdamøte i Heidal var han presentert som utfløtt heidøl. Det er noko Pål Ellingsbø har planar om å gjera noko med.

Saman med kona Mari Bjørnsgard frå Dovre og sonen Siver bur han i Trondheim. Etter nesten ti år i byen ser han noko annleis på heimbygda enn då han fór ut.

- Då eg reiste var det eigentleg berre godt å koma ut, få nye impulsar og treffe nye folk. Men no som ein er gjennom den prosessen og har levd der ei stund, ser ein at det er vel stort. Det tappar energi det å heile tida følgje med og halde seg oppdatert. No ønskjer eg eit saktare tempo, seier han.

Les meir i papirutgåva av VIGGA.