Stortingsrepresentant Aksel Hagen (Sv) var på vitjing i området tysdag, både for å få orientering på Lokalmedisinsk senter på Otta, og for besøket på Heimevernets skole- og kompetansesenter (HVSKS) på Dombås.

Satsing på heimevernet

- Det tryggaste for HVSKS er ei langsiktig satsing på Heimevernet. Sv er imot ei nedbygging av Heimevernet, og hellar heller mot ei styrking. Vi meiner vi skal ha eit forsvar som er fornuftig for Norge, til sikring av land og sjø, og for å gjera det er Heimevernet på ein god måte forankra i samfunnet. Særleg no når færre har fyrstegongsteneste er det viktig med den gode forsvarskjensla blant folk, slik som på Dombås, seier stortingsrepresentanten.

- Er beredskap også viktig?

- Då er jo regionen her og hendingane med flaum og ras i fjor eit godt eksempel. Det er eit breitt samfunnsperspektiv som talar for Dombås. men om ein skal vinne i det lange løp er det fyrst og fremst HV og det viktige samfunnsmandatet dei har som er viktig, seier Hagen, som også ser for seg breiare samarbeid mellom HV og Sivilforsvaret.