Klokka er 14:55. Stasjonsområdet på Bjorli er stille og forlatt, bortsett frå stasjonsklokka som tikkar taktfast og ein kar frå Jernbaneverket som held til bak gardinene på stasjonen. Ingen sit på dei gamle benkane på venterommet, eller ruslar rundt på den sprukne asfalten på perrongen. Så smell det, rett og slett. Forbi vasstårnet står støvskya av ein buss som kjem og parkerer framfor stasjonen. Ut kjem turistar av alle fasongar, aldre og nasjonalitetar. Desse turistane har kome til Åndalsnes med cruisebåt, og er så blitt frakta opp Romsdalen med buss. På Bjorli skal dei byte med ei anna gruppe, slik at dei kan oppleve Raumabana på veg ned Romsdalen. Les meir i papirutgåva av VIGGA.