Steinblokker har i følge Mesta og Statens vegvesen løsna godt oppe i lia, og drege med seg vegetasjon og lausmasse. Store steinblokker ligg i vegen, og bilen den omkomne sat i, har fått frontpartiet knust. Det var i ni-tida i dag tidleg at ulykka hende.

Geologar på veg

Det vil ta lang tid å få opna vegen. Fyrst skal geolog frå vegvesenet koma i helikopter og synfare skredet frå lufta ved 12-tida, melder vegvesenet.

- Når vi får signal om at det er sikkert for maskiner, vil dei måtte fjerne steinblokker før dei kan byrje med attfylling og reparasjon av vegen. Det vil ikkje opne i dag, og E6 blir truleg stengt i natt, seier byggeleiar Bjørn Romsås ved rasstaden.

Vegen er stengt mellom Dovre og Sel, og trafikken dirigeres til å snu ved Texaco på Dovre. Frå nord er det omkøyring frå Hjerkinn om Folldal og Venabygdsfjellet. I tillegg melder Statens vegvesen at Slådalsveien mellom Lesja og Vågå er opna for køyrety under 3,5 tonn.

Fra Ringebu er trafikantar ooppmoda om  å kjøre fylkesvei 27 om Venabygdsfjellet. Og ellers er alle som skal fra nord til sør oppmoda om å ta riksveg 3 gjennom Østerdalen.

Kom rett etter

Karoline Thoresen frå Dombås, med dotter sin og ein ven, var på tur til Lillehammer i dag tidleg. Då dei kom til Rosten vart dei stoppa av folk på ulykkesstaden.

- Vi trudde det var nokon som hadde kollidert, heilt til vi såg trea låg flate oppi lia, og såg at det var støv nedover mot veien, fortel Thoresen.

Raset gikk 5-600 meter sør for oppkjøringen til Høvringen. (Foto: Guro Vollen) Foto: Lokalavisa Vigga
Raset som gikk i Rosten i dag tidlig, havnet på en bil. (Foto: Guro Vollen) Foto: Lokalavisa Vigga
Vigga fekk vera med på ei rask synfaring i rasområdet saman med Bjørn Romsås frå Statens vegvesen. Skredet er omlag 30 meter breitt, og har løsna 130 meter oppi, anslår Romsås. (foto: Guro Vollen) Foto: Lokalavisa Vigga