- Det blir bra å få folk å matche seg mot, no veit eg at eg har nokon å strekkje meg etter. Ein må ha folk som er betre enn seg for å bli betre sjølv. Få litt bank fyrst, for så å krype innpå, seier Øystein Ulekleiv.

Øystein er russ i år, men det kan bli ei litt spakare russetid no når fyrste landslagssamlinga skal gå i mai.

- Dei forventar kanskje ikkje at vi er i så god form på fyrste treninga, men det er nok venta at vi skal halde oss i skinnet, seier han.

Ønskjedraum

Å bli teke ut på landslaget har vore ein draum som han ikkje heilt har turt å håpa på, for ikkje å bli skuffa.

- Eg trudde det ikkje heilt då eg fekk telefonen, men eg trur det var fortent, også, seier han.

Han var ikkje meir enn fem år då han fekk skyte fyrste skota med børsa til storebror Vegard, som nok ikkje likte så godt å dele børsa med lillebror. Men det var brørne Vegard og Jan Ivar han matcha seg med dei fyrste åra. No er det juniorlandslaget som blir motivasjonsfaktor nummer ein.

- Det betyr mykje å få moglegheit til å trene med eit godt lag og eg får eit godt støtteapparat. Det nye blir at ein har eit lag rundt seg der alle er fokusert på å bli skikkeleg gode, slik at vi pressar kvarandre. Og så at trenaren er bevisst på den treninga du gjer, og har god kontroll med treningsarbeidet, seier han.

Noko meir reising vil det også bli, utan at det bekymrar han.

- Eg har god tid i haust utan skule, så det blir bra. Litt rolegare russetid blir det nok, seier ein nøgd fersking på juniorlandslaget i skiskyting.