Skodespelar Hanne Dieserud frå Teater Innlandet er både regissør og skodespelar i teaterstykket. Ho brukar lydar med harmonisk klang, stemmebruk og plystring saman med visuelle bilete og rørsler. At det var eit stykke om dei tre bukkane bruse var ikkje nøye for dei små, men eit bilete av ein traktor som dukka opp var noko kjent for fleire.

Abstrakt forteljing

Teaterstykket er for barn frå 0-3 år. Og det er kanskje vel så bra, for ein gong ikkje dei vaksne fekk heilt med seg kva stykket handla om.

Etter forestillinga fortel Hanne Dieserud at det er forteljinga om dei tre bukkene bruse ho syner. Einaste skilnaden frå det vi er kjende med, er at ho fortel på vietnamesisk.

For utenforståande kan det høyrast ut som pludring.

- Da blir det meir barnevennleg å høyre på. For ein unge i 0-3 årsalderen høyres dette like naturleg ut som den vanlege måten, seier inspisent og assistent Lene Minge.

Ungane får altså servert i ei abstrakt forteljing, som det likevel er eit tema i.

Suksess

Det er andre året på rad at Hanne Dieserud reiser rundt med teaterstykke for barn no. I fjor hadde ho over 150 forestillingar i landet med eit liknande stykke. Tilbakemeldinga har vore veldig bra, noko som gjer at ho no er ute på ny turne.

- Det skal vere mer ei kunsterfaring enn en pedagogisk erfaring, legg ho til.

Da forestillinga var over fekk ungane leike med dei forskjellige instrumentane. Foto: Lokalavisa Vigga
Da forestillinga var over fekk ungane leike med dei forskjellige instrumentane. Foto: Lokalavisa Vigga