Mathias Øvsteng har vore redaktør for «Veiviseren - kulturhistorisk håndbok for Norge» som er gjeve ut av Norsk Kulturarv.I samarbeid med Aschehoug forlag lanserte Norsk Kulturarv denne veka ei ny utgåve av «Veiviseren - kulturhistorisk håndbok for Norge».

Onsdag vart den nye utgåva av «Veiviseren - kulturhistorisk håndbok for Norge» lansert i Oslo.

Gjennom tekst og bilete blir rundt 500 kulturopplevingar frå alle fylke i landet presentert i boka.

–Veiviseren er ei bok for alle som skal på tur i den norske kulturarven, seier redaktør Mathias Øvsteng. Han meiner at boka burde vere interessant for lokalbefolkninga i Ottadalen, der ein blant anna kan bli kjend med sitt eige område. Les meir om dette i papirutgava av VIGGA.