Ståle Bøje i Skjåk har alt teke opp dei fyrste potetene, skriv avisa Fjuken.

HANS ERIK KJOSBAKKEN

Det er poteter av typen Juno som er klare til servering.

– Allereie den 25. juni prøvde vi dei fyrste, fortel Ståle som driv det han kallar hobbybruk med poteter.

Den førre «rekorden» for opptak på bruket til Bøje er 7. juli. Han har 4,5 mål med poteter, det meste mandel, skal opp av jorda før sommaren er over.

– Kanskje mandelpotetene er klare allereie om halvanna veke, seier Ståle Bøje som reknar med at om lag seks tonn poteter skal opp av jorda i Kåjede aust i Skjåk.

Nokon i Lesja eller Dovre som slår rekorden? Tips oss; post@vigga.no eller tlf. 47 61 91 45