Reinsjegerane Anita og Svein Sæter kom ut for ein utilsikta moskussafari da dei  var på veg ned frå Torbudalen søndag kveld, skriv avisa Driva. Svein fortel at han har opplevd moskus på nært hald tidlegare, men ikkje i dette området.

- Moskusen rusla roleg nedover vegen frå litt nedafor demninga på Holbuvatnet, og det danna seg etter kvart ei kø på fem bilar bak. Vi tok det med ro og ga han alle sjansar til å gå av vegen, men det skjedde først etter nesten ein halvtime da ein bil kom imot, altså oppover mot Torbudalen. Da følte han seg såpass pressa at han luska opp, etter å ha gått bortimot ein kilometer på vegen. Moskusoksen tok turen opp i lia øvst i den lange bakken ned mot Hallarvatnet, fortel Sæter.

Hollarvatnet er i retning Sunndalsøra frå Torbudalen. Moskusen var ein einsleg okse. Sæter seier det har vore gjort ei rekkje observasjonar av moskus i og rundt Torbudalen i sommar. Søndag vart det også sett ei moskusku og ein kalv lenger inn.

Viltforvaltar Tarald Thorshov i Sunndal kommune seier dei brukar å sjå det an når dei får meldingar om observasjon av moskus.

- Som oftast går dei tilbake til fjellet av seg sjøl. Dersom dei ikke gjer det er det opp til politiet å vurdere sikkerheita for folk. Dersom dyret blir vurdert som farleg for folk kan det bli gjeve klarsignal for avliving, forel Thorshov til Driva.

På tur: Moskusoksen rusla langs vegen i omlag ein kilometer. (Foto: Svein Sæter/ Driva.no) Foto: Lokalavisa Vigga