Mange stolte lesjingar feira i helga kultur- og idrettsbygget sitt med open aktivitetsdag. Med mykje moglegheiter ute og inne, er det få aktiviteter ein no ikkje kan dekkje anleggsbehova til.

- Eg trur dette har utvikla seg til akkurat det anlegget vi håpa på, med mange brukargrupper og mykje ulik bruk. Det var eit allidretts- og kulturhus som var målsettinga, og i dag er heile anlegget fullførd med fysioteket. Eg har sjøl teke oppatt badminton, og det merkar eg på både kropp og sjel, seier ein godt nøgd ordførar Per Dag Hole. Han ønskte velkomen laurdag, og opna også fysioteket som siste skot på tuntreet til Lesja.

Les meir i papirutgåva av VIGGA.

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga